Sundag den 27. mai, 1. pinsedag, innbyr Vitengarden, Folkehelsa i Hå, Hå kommune og Hå Gamle Prestegard til sykkeldag for heile familien.
Startkort får du i i Fuglaparken på Nærbø mellom kl 12 og 14. Løypa går fra Fuglaparken til Vitengarden på Kvia, vidare til Lode, Dikarstien på Obrestad og endar opp på Hå Gamle Prestegard.
På dei ulike postane vil det vere aktivitetar for barn og vaksne og ein får stempel på startkortet. På Hå gamle prestegard kan du kjøpa god grillmat, du kan vera med og byggja leikehytte og du får sjå ei spanande forestilling med gruppa Unge Spor kl. 13, 14 og 15.
Lever utfylt startkort innan kl. 16.00 denne sundagen og du vil vera med i trekning om fine premier. Førstepremie er eit gavekort på sykkel til kr. 4000,-.