Nøkkelstader langs kystpilegrimsleia

Nøkkelstaden Obrestad fyr. Sett frå nøkkelstaden Hå gamle prestegard.

 

Kystpilegrimsleia er ei reiserute som går frå Egersund i sør til Trondheim i nord. Strekket, som er på 1028 km, har Nidarosdomen i Trondheim som sitt endelege mål. Reiseruta går over land og til havs, og følgjer i stor grad den historiske ruta som pilegrimane tok på veg til Nidaros, som på grunn av grava til helgenen St. Olav blei eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i Nord- Europa. 

Ei pilegrimsvandring byr på moglegheit til å oppleva natur, samfunn og kultur. Kven var dei som brukte reiserutene før oss? Kvifor reiste dei? Kor lenge har reiserutene vore i bruk? Å gå pilegrim handlar om oppsøke kulturhistorie gjennom dei gamle traséane og vegnetta. Strekket mellom Egersund og Trondheim byr i tillegg på mangfaldig natur, moderne infrastruktur og avsides landevegar. 

Kystpilegrimsleia er bunden saman av 26 såkalla nøkkelstader som alle har si unike historie og si kulturelle og religiøse betydning. På nøkkelstadene kan pilegrimane få pilegrimspassa sine stempla, og ein nøkkelstad tilbyr elles alt frå overnatting, mat, rom for bøn eller berre ein stad å kvila seg.

I Hå kommune er det to nøkkelstader. Desse er Obrestad fyr og Hå gamle prestegard. I Hå kommune følger leia først den vestlandske hovudveg til Ogna, og frå Hårr følger leia same traséen som Kongevegen. Langs Kongevegen ligg dei to nøkkelstadene.

På nøkkelstaden Obrestad fyr kan ein besøka Stille rom, kor ein kan ein stempla pilegrimspasset og skrive seg inn i boka. Stille rom står ope heile døgnet. På Obrestad fyr er det òg mogleg å overnatta i bustadane tilknytt fyret, men merk at ein må vere tidleg ute grunna stor etterspurnad. 

Overnatting og utleige - Hå Gamle Prestegard (hagamleprestegard.no)

 

På nøkkelstaden Hå gamle prestegard er det kafé, kunstbutikk og bokhandel, i tillegg til galleri for samtidskunst og historiske utstillingar. Hå gamle prestegard var tidlegare prestebustad, og prestegarden har sidan seinare middelalder fungert som overnattingsstad for reisande. Historikar Lisabet Risa skriv at sjølv om lensmannsgardane Hårr og Hobberstad i Hå fungerte som skyss-stasjonar så var det mange som tok inn på prestegarden. For å syne kor viktig prestegarden var for reisande langs Norskekysten er følgande sitat frå Risa illustrerande: «Før jernbanestasjonane kom i 1878 var prestegarden det einaste statlege bustadhuset i Hå.  I 1685, 1704 og 1733 var det kongebesøk på prestegarden. Nærare hundre personar skulle ha mat då. Med jamne mellomrom var det prostevisitas og bispevisitas. Då kom det også mange til prestegarden. Alle skulle ha både mat og losji» (Risa, Lisabet infobrosjyre Hå gamle prestegard 1989). I dag er det ikkje mogleg å overnatta på sjølve prestegarden for gjester, men Obrestad fyr har utleige heile året. I den gamle prestebustaden er det i dag kafé open for gjester.  Info om kaféen finn ein her: 

Kafé - Hå Gamle Prestegard (hagamleprestegard.no)

Info om kystpilegrimsleia her: 

 Pilegrimsleden | Kystpilegrimsleia

 

 

 

 

 

...